test

Anbefales

Elenea Ferrante
Mi briljante venninne
57 år
Gravdahl Torggaten
Yndlingssjanger:
Romaner
Om tøffe jenter fra Napoli av Elena Ferrante

Dette er første boken i Napoli-kvartetten til Elena Ferrante og handler om to kvinners liv fra de er 6 år til de er 66 i 2010. Elena og Lila vokser opp i fattige Napoli og er to talentfulle unde jenter. Boka handler om et sterkt vennskap, om viktigheten av kunnskap og dannelse og om kvinneliv. Elena Ferrante er en stor forteller og det er bare å glede seg til neste bok som kommer på norsk til høsten.

Anne Bjørg
Del anbefaling

Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi. 

Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen. 

Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.